Ny 132 kV-ledning Langeland-Otteråi

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett for ein ny om lag 22,5 km lang 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otteråi transformatorstasjonar, i Tysnes og Austevoll kommunar i Vestland fylke. 

Søreidsvågen visualisert etter ny 132 kV-ledning

Søknaden er no på høyring. Søknaden med konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på NVE sin nettstad www.nve.no/kraftledninger.

Kva Haugaland Kraft Nett søkjer om

Haugaland Kraft Nett søkjer om å bygge ein om lag 20 km lang 132 kV luftleidning og om lag 2,5 km lang 132 kV sjøkabel, frå Langeland i Tysnes kommune til Otteråi i Austevoll kommune. Mellom Langeland og Liatjørn søkjer dei om fleire ulike traséalternativ, og dei vurderer alle alternativa som jamstilte. Frå Liatjørn og Otteråi søkjer dei om eitt alternativ.

Leidninga skal erstatte eksisterande leidning som går frå Langeland til Otteråi. Grunngjevinga for søknaden er at eksisterande leidning er gamal og nærmar seg si tekniske levetid. I tillegg har den ikkje tilstrekkeleg overføringskapasitet til å dekkje framtidig forbruk i området. Den nye leidninga er planlagd å byggjast som ein 132 kV-leidning, men skal førebels driftast på 66 kV.

Haugaland Kraft Nett søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Konsekvensutgreiinga er utarbeida i medhald av reglane i plan- og bygningslova kap. 14 med forskrifter, og utgreiingsprogram fastsett av NVE.

Haugaland Kraft Nettsøkjer òg om oreigningsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsle/transport. Samstundes søkjer Haugaland Kraft Nettom førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.

Invitasjon til open kontordag og informasjon om påmelding 

Grunna koronapandemien og omsyn til smittevern vil ikkje NVE halde opne folkemøter som vanleg, i staden vil NVE halde ein open kontordag torsdag 22. oktober klokka 15.30-20.30 på Grendatun kino på Uggdal.

Grunna smitteverntiltak, vil det vere påmelding for dei som ønskjer å delta på dei opne kontordagane. Desse vil få tildelt ei avgrensa tid dei må møte opp på, og det vil vere restriksjonar på kor mange personar som kan delta per tildelt tid. Booking av tid skjer via vår nettløysing, som ligg som link på NVE sin nettstad www.nve.no/kraftledninger. 

NVE set ei grense ved tre personar per husstand eller organisasjon/interessegruppe. Alle deltakarane må registrerast med namn og kontaktdetaljar i påmeldinga. NVE vil ivareta personvernet i samsvar med GDPR. NVE gjer merksam på at dersom du som påmeldt har feber eller symptom på forkjøling, luftvegsinfeksjon eller koronavirus, må du avlyse møtet og halde deg heime.

NVE vil til ein kvar tid følgje dei nasjonale retningslinene til FHI, og gjennomføre dei naudsynte smittevernstiltaka. Vi oppfordrar alle som har meldt seg på til å gjere seg kjent med dei oppdaterte retningslinene. NVE til ha tilgjengeleg munnbind og handsprit. NVE tar atterhald om at retningslinene til FHI kan endrast raskt, og at dette kan gje endringar i dei planlagde opne kontordagane.

Om høyringa

Søknaden med konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på NVE sine internettsider www.nve.no/kraftledninger.

I samband med NVE si høyring av konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga ønskjer vi innspel på mellom anna følgjande:

Skjema for fråsegner kan finnast på våre internettsider. Fråsegner kan òg sendast som e-post til nve@nve.no eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.

Fråsegner må sendast til NVE.

Dokumenter:

Fagrapporter, del 1:

Fagrapporter, del 2:

Fagrapporter, del 3:

Konsesjonssøknad:

Forprosjekt:

Annet:

Videoer: